United i dilemma – blir åtvara mot «Solskjær-tabbe»
Manchester United står føre ei svært avgjerande beslutning dei neste månadane. Ekspertane er skeptisk til om Michael Carrick er rett mann.
Han viser til at Solskjær fekk trenarjobben i Manchester United permanent etter gode resultat umiddelbart.Men at pilene deretter peika nedover, sjølv om sesongen 2020/21 enda med topp 4-plassering i serien (2. plass) og finale i Europaligaen.Før han fekk sparken i november 2021 etter ein svak start på sesongen.
No minner situasjonen rundt Michael Carrick om det same. 44-åringen har nemleg fått smila tilbake på Old Trafford.Frå vere ein klubb i djup krise under Ruben Amorim, har den tidlegare United-spelaren snudd alt på hovudet i løpet av berre nokre få månader.Carrick tok over jobben som førebels hovudtrenar i januar etter at Amorim fekk sparken.Og etter å ha ført klubben opp på ein tredjeplass på tabellen, har klubben stø kurs mot ein plass i Meisterligaen neste sesong.Det er nesten som fansen må klype seg i armen. Frå å vere ein gravplass for fotball er klubben oppstanden frå dei døde.Under Carrick står United med sju sigrar, to uavgjort og berre eitt tap på ti kampar.
Ifølge Daily Mail har Carrick støtte frå spelarane i troppen for fast jobb. Det seier både Amad Diallo og Bryan Mbeumo.Men Øyvind Alsaker meiner klubben bør lære av tidlegare feil.Også Viaplays fotballekspert Lars Tjærnås meiner klubben må ha «is i magen».NRKs fotballekspert Car-Erik Torp meiner klubben gjer ein tabbe dersom dei tilsett Carrick no.