Bilda fekk Solbakken til å fortvile – no har Noreg tatt grep
Store delar av Noreg spelte bokstavleg talt til krampen tok dei mot Senegal. Det håpar landslagssjefen var siste gong.Han opplyser at landslagslege Ola Sand har fortalt at laget fekk i seg litt for lite væske i drikkepausane.
No er det altså tatt konkrete grep for at krampe-festen mot Senegal blir ei enkelthending. Det bekreftar også landslagslege Ola Sand til NRK.
– Vi har hatt fokus på nedkjøling og elektrolytt/salttilskot frå dag éin. Eg trur det største problemet var at det var 90 prosent luftfukt sjølv om det ikkje var så varmt, der spelarane blei gjennomvåte og derfor sveitta enda meir for å kvitte seg med varme, seier Sand.
– Vi har intensivert salt- og elektrolyttilskot både via mat, snacks og drikke, og individuelle samtalar og råd.
– No har vi fått ei lita åtvaring om at vi kanskje må vere enda meir nøye med ting. Men eg føler at vi har vore det, så det var litt overraskande at det kom, seier Solbakken og fortset:
– Vi har vore veldig flinke til å drikke riktig, og til å følge kva vi skal ha i oss til kvar tid, og det har vore ein god plan med kven som gir drikke og det har fungert veldig bra. Så det var overraskande at det kom så brutalt for så mange.
Ein av mange som kjente det nappe i muskulaturen var Torbjørn Heggem.
– Det var ein utruleg tøff kamp. Høg luftfukt og eg kjenner sjølv det var ein motstandar som gjorde at vi måtte vere på tærne heile tida. Det var det som tærte på, tippar eg, sa stopparen til NRK etter kamp.
Før meisterskapen fortalde Heggem at han har slite med kramper gjennom heile karrieren.
– Eg har tatt imot tips frå utruleg mange. Men kva skal ein seie? Når ein ikkje er herda, er det vanskeleg å stå i 90 minutt. Spesielt når tempoet og nivået er litt høgare enn det ein er vant til, sa Heggem til NRK den gongen.