Liverpool-helten før straffekonken: – Eg vil ha straffe nummer sju

Kostas Tsimikas blei Liverpools cuphelt med det avgjerande straffesparket då Chelsea blei slått med 6–5 i straffesparkkonkurranse i FA-cupfinalen på Wembley.

Det stod 4–4 då Sadio Mané skulle avgjere straffekonkurransen med Liverpools femte straffe. Så redda landsmannen Mendy i Chelseas bur.

Men det gjorde ingenting for Liverpool. Alison redda Mason Mounts straffe, og Tsimikas heldt nervane i sjakk og sette inn sigersmålet på Liverpools sjuande straffe.

– Sjefen spurde meg om kva for straffe eg ville ta, og eg sa nummer sju. Detskulle avgjere kampen, og det er eit val eg er veldig glad for no, sa Tsimikas til BBC.

Då hadde César Azpilicueta bomma på Chelseas andre, slik at Chelsea kom bakpå heile tida.

– Eg behøvde ikkje å redde meir enn ein straffe, sa Liverpool-keeper Alison til BBC.

Han meinte laget spela ein god kamp.

– Det var ei skam at vi ikkje scora i ordinær tid. Chelsea var gode, men vi fortente å vinne. Dette gir oss sjølvtillit framfor meisterligafinalen, sa keeperen.

Manager Jürgen Klopp var ein lykkeleg mann. FA-cupen er det einaste trofeet han ikkje hadde frå før, ettersom det var Liverpools første sidan 2006.

– Eg er enormt stolt av gutane, det arbeidet dei la ned, kor hardt dei stod på, sa han til BBC.

– Det var ein utruleg intens kamp, la han til, og sa han også syntest litt synd på Chelsea, som tapte sin andre finale mot Liverpool på straffer denne sesongen. Han meinte det var to «mentale monster» som utkjempa finalekampen.

– 120 minutt med slik innsats, og så ikkje ha noko igjen for det. Men vi er ekstremt happy, sa han.

Dermed kan Liverpool framleis sikre seg fire titlar denne sesongen. Ligacupen er allereie i premieskapet på Anfield, no kjem også FA-cup-pokalen dit. Begge etter 0–0 og straffesiger over Chelsea.

Ligameisterskapet bli avgjort neste helg, og deretter skal Liverpool spele meisterligafinale mot Real Madrid.