Bjørn Sverre (32) mot topplassering i ekstremritt

Trønderen Bjørn Sverre Gjevik har fått seg ein hobby utanom det vanlege. Om kort tid har han nådd Nordkapp på sykkel, frå Milano. 

Bjørn Sverre Gjevik frå Trondheim har alltid vore glad i å sykle, men dei siste åra har lidenskapen tatt seg opp betrakteleg. Det same har kilometerane per tur.

I fjor fann Gjevik ut at han ville teste sykkelrittet Around Norway, ei rute på omtrent 3250 kilometer og 38000 høgdemeter. Då han kom heim etter den turen, mimrar kjærasten at han hadde mørke ringar rundt auga, og såg tydeleg medteken ut.

Ikkje nok med at Gjevik snart har lagt ned 400 mil på sykkel, sykla han også ned til Italia frå Trondheim.

– Vi hadde allereie planlagd ferie i Italia, så då sykla han til Gardasjøen, tok ferie ei veke med oss, før vi slapp han av ved startstreken i Milano, seier Jensen.

Då Gjevik hadde komme seg til 14 mil sør for Berlin, måtte han søke ly i eit busskur, på grunn av eit vêrfenomen han aldri har opplevd før.

Den 27. juli starta han på ruta mot Stockholm i Sverige, med mål om å rekke nattferja for søvn. Det var ei rute på 740 kilometer, som han måtte sluke på 36 timar.

Gjevik har alltid vore oppteken av sykkel, så lenge Jensen har kjend han. I starten kjende ho litt ekstra på nervar då han låg ut på dei lange turane sine.

– Dei første gongene følgde eg veldig godt med og var nervøs. Eg spurde mykje om det gjekk bra, og måtte sjekke om han levde, seier ho og held fram:

– No ser eg kor flink han er, og kor erfaren han er i trafikken. Han planlegg godt og forsvarleg, til ein viss grad. Så eg er ikkje så bekymra no, seier ho.

Måndag kveld var Gjevik i Oulu i Finland, og han erkjente at han hadde det beintøft.