United-legende innrømmer: Tok feil av Ødegaard

Martin Ødegaard (23) nyt stadig større respekt i England. No strekk Rio Ferdinand hendene i vêret og medgir at han undervurderte nordmannen.

– Anten blir du tyngt av å vere kaptein, eller så gjer det at du veks og blir betre. Etter dei første kampane ser det ut til at Ødegaard er ein større spelar, ein større personlegdom og ein større karakter, seier tidlegare Manchester United-spelar Rio Ferdinand til Daily Mail.

Alle var nemleg ikkje like overtydde om at drammensaren ville takle ansvaret Arsenal-manager Mikel Arteta gav han som kaptein denne sesongen.

Ferdinand var blant dei som ytra seg kritisk til avgjerda. Då Ødegaard vart gjort til kaptein uttalte Ferdinand følgjande til sin eigen YouTube-kanal:

– Kapteinsbindet er ei tung byrde å bere. Det kan hende vi får sjå ein annan Ødegaard denne sesongen.

Med fasit i hand strekk Ferdinand armane i vêret og innrømmer at han tok feil.

– Eg sa at kapteinsbindet kunne bli tungt å bere. Eg sa at det kunne bli det, det var ein sjanse for det. Nokre spelarar blir annleis når dei får kapteinsbindet. Men han har starta sesongen fantastisk. Som spelartype likar eg verkeleg Ødegaard, og førre sesong var fantastisk, seier Ferdinand.

Den gamle stopparstjerna meiner Ødegaard for fullt byrjar å vise kvifor han var ein av dei mest ettertrakta unggutane i verda som 15-åring.

Mot Fulham i helga skåra den norske landslagskapteinen sitt tredje mål for sesongen, og var ein sterk bidragsytar til at Arsenal tok den fjerde strake ligasigeren sin på like mange kampar og toppar Premier League-tabellen.

Etter 2-1-sigeren vart Ødegaard kåra til banas beste av Arsenals supporterar og Sky Sports, og i tillegg vart han seinare teke ut på laget til runden både hjå BBC og WhoScored.