Haaland tangerte «umogleg» rekord: – Det er reint instinkt

Erling Braut Haaland held fram med å plage Premier Leagues forsvarsspelarar. Laurdag tangerte han ein «umogleg» rekord, men det heldt ikkje til ein City-siger.Haaland held fram med å slå målrekordar i den engelske toppdivisjonen. Mot Aston Villa skåra han sitt tiande for dei lyseblå, i berre sin sjette seriekamp for klubben. Dermed tangerte han ein historisk rekord, men det blei likevel berre eitt poeng.For Haalands skåring blei utlikna av ein perle frå Leon Bailey, som sørga for at poenga blei delte i Birmingham.

Det tok si tid før ballen endeleg låg i nettet for nordmannen, trass i at Manchester City storma ut frå startblokkene.Allereie etter fem minutt skapte dei kampens første enorme moglegheit. Godt kombinasjonsspel mellom Haaland og Bernardo Silva førte til at Kyle Walker blei spela fri inne i boksen.Aleine med Aston Villa-målvakt Emiliano Martínez kunne han spelt på tvers til Haaland framfor målet, men backen gjekk for avslutninga sjølv.Avslutninga fauk opp på tribunen, til nordmannens store frustrasjon.

Først i den andre omgangen sat ballen i mål for Haaland. Eit ellevilt innlegg frå De Bruyne fann Haaland lurande på bakarste stolpe. Og der gjorde nordmannen ingen feil, og sette ballen i mål.

Haaland er også spelaren som har brukt færrast kampar frå sesongstarten til å nå ti nettkjenningar. Quinn blei signert av Coventry midtvegs i 1992/93-sesongen.Det kunne blitt enno fleire nettkjenningar for nordmannen, etter at Aston Villa slapp gjestane til fleire store moglegheiter etter skåringa.Haaland fekk to moglegheiter inne i boksen, men begge avslutningane gjekk rett på Villas argentinske målvakt.Og ti minutt før slutt låg ballen nok ein gang i City-målet, etter at Philippe Coutinho hamra ballen via tverrliggaren og i mål. Men feiringa blei kortvarig, for allereie før avslutninga hadde brasilianaren blitt avblåst for det som viste seg å vere ein feilaktig offside.For målet blei aldri teljande, og dermed enda det med poengdeling.