Sykkelkometen var nær å bli klubblaus – superløp endra alt

Erlend Blikra sende ei rekkje e-postar i håp om å finne seg nytt sykkellag i siste liten. Men så fekk han ein telefon frå Uno-X, som gjorde heilomvending.

– Det var ein lette. Eg har vore spent på korleis kvardagen min skulle sjå ut. Å få det i boks og bli ferdig med det tek mykje vekt av skuldrene mine, seier Blikra til NRK.

Det var for eit par veker sidan at den norske proffsyklisten fekk beskjed av Uno-X at han ikkje var med i framtidsplanane deira, og at han måtte sjå seg etter eit nytt sykkellag.

Det skjedde etter tre år hos det norske sykkellaget, utan ein siger på proffnivå.

– Det var sjølvsagt ein veldig tung beskjed å få. Men eg bestemde meg raskt for at eg skulle gjere det beste ut av ein vanskeleg situasjon. Eg måtte berre prøve å gjere så godt eg kunne og gjere dei rette tinga i treningsarbeidet, seier 25-åringen.

Då framtida så mørk ut, måtte han ta grep. Han sende e-postar til ei rekkje lag for å høyre om dei hadde plass til han på laget.

– I starten såg eg på det med litt spenning, for det finst mange spennande lag der ute. Eg lever alltid i håp om at det skal lykkast, men så fekk eg ein del svar om at dei fleste lag var fulle og at eg tok kontakt for seint. Då såg eg litt mørkt på det, fortel Blikra.

– Kom beskjeden frå Uno-X litt vel seint?

– Det kan du seie, men samtidig visste eg ei stund at framtida var uviss. Lag blir fylt opp, så det gjorde ting litt vanskelegare.

Men i Malaysia kom heilomvendinga for Blikra. Han presterte svært sterkt i Tour of Langkawi, og det toppa seg med etappesiger i styrtregnet på den sjette etappen av touren. Til slutt vann han også poengtrøya samanlagt, etter ein fjerdeplass på siste etappe.

Då måtte Uno-X-sjef Jens Haugland ta ein telefon til ryttaren sin.