Molde kunne endeleg heve pokalen: – Noko vi har saman som vi aldri kjem til å gløyme

Det var lite spenning kring resultatet av kampen, men feiringa etterpå var uansett proppfull av kjensler for Eliteserie-meistrane i heimbyen.

Dei vann Eliteserien for lenge sidan, men i dag kunne jubelen endeleg stige opp over Aker Stadion i Molde.

– Det er alltid ei spesiell kjensle når ein får løfte ein pokal, seier Magnus Wolff Eikrem.

Det var kapteinen si skåring i 66. minutt mot Sandefjord som sende Molde inn i sin 16. strake siger sundag kveld.

Molde var sikra Eliteseriepokalen for lenge sidan, men det var først i dag dei fekk feire med pokal, medalje og hyllest frå publikum.

– Det er den beste kjensla du kan få når du held på med dette her. Det å vite det at du har nådd det målet som vi jobbar etter heile tida i Molde, seier 32-åringen.

Attende på trona

Då kampen mot austlendingane var over vart publikum verande på tribunen. Til applaus og jubel gjekk dei blåkledde sigersrunde. Ekstra mykje lyd fekk dei frå Tornekrattet på kortsida.

– Det gjer meg glad når vi får medaljane og får ta imot hyllesta frå publikum, seier trenar Erling Moe.

Som alle meiner han at dagens feiring av gullet er fantastisk. Men kampen mot Sandefjord som kom før kunne ha gått betre.

– Det er ingen kamp kvar vi skin eller kjem opp dit vi ynskjer å vere, men vi vinn no. Det er eit hardtarbeidande og desperat Sandefjord-lag som gjer det dei kan, men vi rir det av og det er ein god måte å syne at vi er med og at vi vil fullføre på ein skikkeleg måte, seier Moe.

No gler han seg over å snart kunne gje laget sitt ein lang ferie etter ein lang sesong.

– Eg trur alle kan sjå at vi er litt på tannkjøtet no, på stålet. Eg er ikkje av den meining at det å halde på å trene rett etter sesongslutt er ein veldig god ide. Då er gutane ferdige og då skal dei ha litt fri. Det fortener dei òg, seier han.