Nærmar seg rekordar etter å ha overraska seg sjølv: – Visste ikkje at det var det beste

Andreas Leknessund har allereie skrive norsk sykkelhistorie som nordmannen med flest dagar i den rosa leiartrøya. No augnar han også eit rekordresultat.

Sjølv med ein utfordrande inngang på rittet, har Andreas Leknessund imponert stort i årets Giro d’Italia. Etter ein andreplass på den fjerde etappen, vart det fem dagar i den rosa leiartrøya.

Måndag var det ein etterlengta kviledag for ryttarane, etter 15 av 21 etappar, før rittet skal avgjerast med fleire harde fjelletappar denne veka. Og i skrivande stund ligg Leknessund på ein femteplass i samandraget.

Tidlegare er Carl Fredrik Hagens åttandeplass frå Vuelta a España i 2019 det beste norske resultatet i eitt av dei tre store trevekersritta (Giro d’Italia, Tour de France og Vuelta a España).

Tobias Foss har det beste norske samanlagtresultatet i Giroen med ein niandeplass frå 2019.

– Eg visste ikkje at åttande var det beste vi hadde, men viss eg kan slå ein rekord, så vil det vere veldig kult. Det seier noko om kor hardt det faktisk er. Eg veit det ikkje blir lett den siste veka, men eg er veldig motivert og eg har ingenting å tape, seier Leknessund til NRK under ein digital pressekonferanse måndag.

Carl Fredrik Hagen sjølv seier han ikkje er overraska over Leknessunds gode køyring.

– Han viser ein rå stabilitet og har alt som skal til for å få eit veldig bra resultat til slutt. Den tredje veka er svært tøff. Eg trur moglegheitene absolutt er til stades for ei topp 7-plassering. Eg unner han eit godt resultat, og så får vi sjå om rekorden min blir ståande eller om han tek han, seier han.

Leknessund har på fleire av etappane imponert med å vere blant dei som har følgt tettast på leiarane i bakkane. Det var igjen tilfellet under den 15. etappen søndag, der han var éin av dei åtte ryttarane som kom inn med eit par sekund ned til dei andre samanlagtfavorittane.