Beklaga denne seansen: – Fint å vere på «instaen» til Mourinho

Trønderen har no sett punktum bak den første, halve sesongen sin i Roma-drakt etter overgangen frå Bodø/Glimt i januar.

Det har «svinga», som han sjølv seier, og fasiten viser 14 ligakampar – halvparten som innbytar. Det var også eit innhopp som skulle stele litt meir merksemd enn tenkt.

Under heimekampen mot Sampdoria i april jaga Roma den første skåringa, og nordmannen skulle kastast innpå ti minutt ut i 2.-omgang.

Men samtidig som Mourinho gav Solbakken dei siste taktiske instruksane på sidelinja, sørgt Georginio Wijnaldum for 1–0. Mourinho kikka opp, løfta armen og bad Solbakken setje seg igjen.

Ifølgje Solbakken var det tre liknande episodar i løpet av vårsesongen. Mot Sampdoria vart innhoppet dytta litt over 20 minutt, og nordmannen serverte Stephan El Shaarawy til 3–0 på overtid.

Mourinho såg openbert humoren i situasjonen, og han tok han ikkje opp med Solbakken sjølv.

Det vart langt meir alvor då Roma seinare tapte for Sevilla i europaligafinalen. Roma og José Mourinhos åtferd mot dommarane, særleg etter kamp, skapte overskrifter verda over.

Landslagssjef Ståle Solbakken er tydeleg på at du som profil skal oppføre deg og vere eit førebilete.

Når det gjeld Roma under finalen, meiner landslagssjefen at det verka meir iscenesett enn styrt av emosjonar. Det synest han er verre.Ola Solbakken, som ikkje var ein del av europaligatroppen, følgde oppstyret frå avstand.Han trur det handla om eit vinnarinstinkt som tok over.No ventar to viktige landskampar mot Skottland (laurdag) og Kypros (tysdag) før blikket snart blir vendt mot ein ny, heil sesong.Solbakken trur det kan utgjere ein stor forskjell kontra inntoget i januar.