Messi-feber prisar ut supportarar: – Fotballen i ferd med å bli for dei rike

Lionel Messi har teke USA med storm og alle vil ha eit glimt av argentinaren. Problemet er berre at det er langt frå alle som har råd.

Den kampavgjerande scoringa i debuten etterfølgt av fire scoringar og ein målgivande pasning i dei to neste kampane leivde ingen tvil: Lionel Messi held framleis koken, og har sørga for Messi-feber i USA.

Men det kostar å få eit glimt av den argentinske 36-åringen.

– Den pengegaloppen som det har blitt snakka om i mange år viser ingen teikn til å minke. Det bevegar seg dit at fotballen blir for dei rike, seier Viaplay-kommentator Petter Veland.

– Det er synd at den vanlege mannen på gata blir prisa ut frå å sjå Messi, legg han til.

Veland har følgt Lionel Messi tett i ei årrekkje og har, som dei fleste andre, fått med seg suksessen Messi har hatt i USA dei siste vekene. Han er i det heile ikkje overraska over oppstyret rundt argentinaren.

For det er ikkje berre i Miami det er Messi-feber.

Natt til søndag norsk tid spelar han sin fyrste bortekamp med Inter Miami. Turen går til Texas, der dei møter FC Dallas i den nordamerikanske turneringa Leagues Cup.

Kampen blei utselt på ti minutt, ifølgje heimelaget.

Alle dei som ikkje fekk tak i billett har moglegheit til å sikre seg via vidaresal inne på FC Dallas sin nettstad. Men det kostar.

Til samanlikning kostar dei billegaste billettane til ein Taylor Swift-konsert i California 500 dollar (5130 kroner).

– Det er kanskje nokon som vil ta eit aktiv val om å stå igjen på perrongen når pengetoget i fotballen går, og det må man ha forståing for. Med slik prisar er det sjølvsagt mange som vil miste moglegheita til å sjå Messi, og det er heller ikkje bra, konstaterer Veland.