Dansk yndling til Manchester United – gammal Facebook-melding tek av
Han hospiterte under Ståle Solbakken og delte kjærleiken sin for Manchester United på Facebook. No har draumen gått i oppfylling for Rasmus Højlund (20).
Danskane sin nye favoritt har, berre eit par år etter at karrieren hans for alvor skaut fart, fått draumeovergangen til favorittklubben.
Manchester United har stadfesta signeringa av Rasmus Højlund. Han har han skrive under på ein femårskontrakt med opsjon på ytterlegare eitt år.
Like etter stadfestinga entra Højlund grasteppet på Old Trafford. Den danske 20-åringen, iført Manchester United-tøy, blei møtt med stormande jubel. Smilet gjekk nesten rundt. Meir jubel blei det då han viste fram ei Manchester United-drakt til dei frammøtte før treningskampen mot Lens.
Dei raude djevlane betaler ifølgje rapportane 840 millionar kroner for dansken, og i tillegg kan dei måtte betale 110 millionar kroner til viss ulike klausular slår inn.
Klubbens manager, Erik ten Hag, har lenge vore på jakt etter ein spiss, og no får han eit av dei mest spennande talenta i Europa – og ein som vil gjere alt for favorittklubben.
Højlund har vore Manchester United-supporter i ei årrekkje, og inne på den gamle Facebook-profilen til Højlund kan ein sjå profilbilete med Manchester United-rammer.
I kommentarfeltet på det eine biletet kommenterer nokon at «Du må halde med Liverpool». Til det svarar Højlund «Kom så, Manchester Utd».
Dei gamle Facebook-bileta har gått sin sigersgang på internett og blir hyppig delte av både supporterar og journalistar på Twitter.
– Det er inga hemmelegheit at eg har våre fan av denne klubben sidan eg var ein liten gut. Eg har alltid drøymt om å gå ut på Old Trafford som ein Manchester United-spelar, seier Højlund sjølv.