Fekk klart svar etter tabbe: – Det kan du berre drite i
Keeperen prøvde å seie unnskyld etter tabbe. I garderoben fekk han klart svar.
Det er utilgiveleg frå Hans Erik Ødegaard sine menn. Snakk om å gi bort ei skåring. Kva i all verda er det dei held på med på eige gras? orda kjem frå TV2s Jesper Mathisen.
Han snakkar om det andre målet i kampen mellom Lillestrøm og Bodø/Glimt.
Glimt dobla leiinga på Åråsen då LSK-målvakt Pontus Dahlberg spelte ballen rett i beina til Blomberg, som sende ballen vidare til Kasper Høgh.
– Det er Lillestrøm som prøver å frispele. Då endar det opp med at dei berre gir bort eit mål rett etter pause. Kasper Høgh får ei enkel oppgåve, seier Mathisen.
LSK-trenar Hans Erik Ødegaard avdramatiserer 2–0-målet og seier at det er slikt som kan skje.
Ruben Gabrielsen er klar i talen når han pratar med NRK om 2-0-målet etter kampen:
– Det har ikkje ein skitt å seie.
Kapteinen fortel at Dahlberg prøvde å seie unnskyld til resten av laget i garderoben etter kampen, men at den unnskyldninga ikkje blei godt motteke.
– Han har redda ti poeng for oss. Han prøvde å seie unnskyld, men me sa: det kan du berre drite i, seier Gabrielsen og held fram:
– Me skal fortsette med å spele slik. Han har redda ti poeng for oss. Han er den beste keeperen i ligaen. Pontus er me veldig glad for at er her. Han skal få lov til å gjere fleire tabbar. Han har redda 10 poeng for oss allereie, avsluttar han.
I første omgang var det ikkje mange sjansane for nokon av laga. Før Glimts Håkon Evjen tok imot eit innlegg på hovudet, for så og vri seg rundt og skåre for bortelaget.
– Det er Meisterliga-klasse over det han gjer der, sa TV2s kommentator Morten Langli.