Angel Di Maria (34) gjer alt for å ta Argentina til VM-finale

Argentina har ikkje vunne fotball-VM sidan 1986, men er ein av favorittane til å løfte pokalen i Qatar.

Med éin kamp igjen av gruppespelet står dei i fare for å ryke ut av VM om ikkje kampane onsdag går Argentina sin veg.

Skal dei lykkast med å ta seg vidare, må dei offensive stjernene skine. Hovudfokuset ligg som vanleg på Lionel Messi, som truleg no har siste sjanse til å vinne eit VM i løpet av karrieren, men for Angel Di Maria vil ein VM-finale truleg kjennast minst like spesiell.

Sist gong Argentina spelte VM-finale, i 2014, vart det i staden den største nedturen i karrieren til den offensive magikaren.

Di Maria hadde den gongen, i kvartfinalen mot Belgia, forlate banen med skade. Argentina, utan ein skadd Di Maria, slo Nederland i semifinalen – og brått vart det ein kraftig kamp mot klokka for å rekke finalen for den argentinske superstjerna.

Di Maria rakk derfor ikkje VM-finalen i 2014, og måtte sjå heile kampen frå benken som unytta reserve då Argentina tapte mot Tyskland.

Og han fekk rett i spådommane sine. Litt over ein månad etter VM-finalen vart han seld til Manchester United.

Di Maria, som lenge var usikker til VM på grunn av skade, vart den store helten då Argentina i fjor enda den 28-årige trofétørken i nasjonen og vann Copa America for første gong sidan 1993 etter siger 1–0 mot Brasil.

Han skåra målet og vart kåra til banens beste i den kampen.

34-åringen, som i løpet av karrieren har spelt 125 landskampar og skåra 25 mål for Argentina, har starta begge kampane for dei blåkvite i Qatar så langt og notert seg for éi målgivande pasning.

Arango viser til matchvinnarskåringa mot Nigeria i OL 2008 og matchvinnarskåringa mot Brasil i Copa America-finalen i fjor.Begge kampane enda 1–0 med Di Maria som einaste målskårar.