Norske Tobias herjar i Nederland: – Mange er sjokkerte over at vi gjer det så bra

Tobias Lauritsen (25) blir hylla for prestasjonane i Nederland sin store overraskingsklubb. Men det såg lenge ut til at han aldri ville få ein karriere som fotballproff.

– Eg ser jo rundt meg at det plutseleg er ein norsk 18-åring som blir seld til Benfica for 100 millionar. På den alderen spelte eg i 3.-divisjon, så eg blomstra litt seint, men det er betre seint enn aldri, seier Tobias Lauritsen.

Og blomstrar, det gjer han for alvor no.

25-åringen, som gjekk frå Odd til Sparta Rotterdam i sommar, står med seks nettkjenningar og to målgivande pasningar i den nederlandske toppdivisjonen denne sesongen.

Den tradisjonsrike klubben Sparta Rotterdam vart av fleire ekspertar spådd til å rykke ned.

Fasiten er ein heilt annan. Klubben ligg på 6.-plass og pustar lag som Ajax, Twente og PSV Eindhoven i nakken etter 20 rundar.

– Mange er sjokkerte over at vi gjer det så bra, seier Lauritsen.

Viaplay-kommentator Paul Thomas Clay stadfestar det Lauritsen seier. Sparta-suksessen er ein stor snakkis i Nederland denne sesongen.

– Det er nesten som ein sensasjon å rekne med i nederlandsk fotball at klubben ligg der oppe. Dei held fram med å prestere godt òg. Det var ikkje berre eit blaff i starten av sesongen. Det skal Lauritsen ha mykje av æra for, seier Clay til NRK.

Kommentatoren har følgt toppdivisjonen i Nederland tett dei siste åra.