Haaland fekk legenderåd: – Kjem til å skåre 100 mål i veka

Erling Braut Haaland har skrive rekord på rekord i debutsesongen i engelsk fotball. Thierry Henry ser likevel eit klart forbetringspotensial hos nordmannen.

Toppskårar i Premier League, toppskårar i meisterligaen, siger i Premier League, FA-cupen og meisterligaen – og 52 mål på 53 kampar.

Erling Braut Haaland har herja i sin første sesong for Manchester City og gliste om kapp med flaumlysa på Atatürk stadion då han gjekk fram og tilbake hos dei ulike TV-kanalane etter City sin 1-0-siger mot Inter i Meisterliga-finalen, laurdag kveld.

Etter å ha svart på fleire spørsmål på sendinga til CBS, greip tidlegare Liverpool-spelar Jamie Carragher inn. Carragher lurte på om Haaland hadde nokre spørsmål til spisslegenda Thierry Henry, som stod ved Haaland si side.

Haaland sjølv er tydeleg på at han framleis har mykje å lære.

– Ærleg talt, så er eg einig. Ikkje gløym at eg er 22 år. Tenk tilbake når de var 22. Det er så mykje du vil lære. Om tre år vil eg tenke tilbake på korleis eg tenkte. Eg ser på meg sjølv. Det er så stor forskjell frå då eg signerte for Dortmund og no, på så mange ting. Frå korleis eg tenker etter kampar, korleis eg tenker før kampar, korleis eg motiverer meg sjølv, korleis eg snakkar til andre. Du får erfaring gjennom andre og ute på banen. Eg er heilt einig, eg kan utvikle meg så mykje meir, sa han.

Landslagssjef Ståle Solbakken trur Henry har rett i analysen.

– Så kan du seie at viss Kevin De Bruyne speler på høgresida, som han stort sett gjer, så er det lurt å liggje litt til venstre når innlegga kjem. Er du venstrebeint, så er det nokre gonger naturleg å gjere det òg, seier han på ein pressekonferanse måndag, og held fram:

– På ei anna side, utviklar du høgrebeinet ditt endå betre, så er det kanskje lettare å komme inn frå høgre. Samtidig så får du venstrebeinet ditt lengst inn mot målet. Det er litt med kva lag du speler på.

I intervju med BT Sport trekte Haaland også fram rolla til City-manager Pep Guardiola.