Stjernespiss vart utestengd etter kjønnstest – er likevel VM-klar

I fjor sommar vart Barbra Banda (23) nekta å delta i afrikameisterskapet etter ein kontroversiell kjønnstest. No er ho tilbake – og på plass i New Zealand for å spele fotball-VM.

Det vart klart då Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) offentleggjorde VM-troppane tysdag denne veka.

Der står det svart på kvitt at landslagskaptein Barbra Banda er ein del av Zambia-troppen, trass i kontroversane den 23 år gamle superspissen var involvert i under afrikameisterskapet i fjor sommar.

Banda, som er toppscorar i den kinesiske superligaklubben Shanghai Shengli, har sjølv lagt ut bilete frå flyplassen i New Zealand. Der smiler ho breitt og kjem med følgjande bodskap:

– Fokuset vårt er å vise unge jenter at fotballen er samlande, at fotballen vinn, og at fotballen gir håp.

Men Banda sitt nærvær er ikkje like populært blant alle. Bakgrunnen er følgjande:

For ganske nøyaktig eitt år sidan vart målgarantisten nekta landslagsspel då Zambia sikra ein smått sensasjonell bronse under afrikameisterskapet i Marokko.

23-åringen, som skapte OL-historie i 2021 ved å score hat trick i to kampar på rad, bestod nemleg ikkje kjønnstesten som alle spelarar måtte gjennom. Konklusjonen var at ho hadde for høgt testosteronnivå til å delta, med mindre ho starta medisinsk behandling for å senke nivåa.

– Slike kjønnstestingsprosedyrar er openberre menneskerettsbrot, ettersom dei er stigmatiserande, stereotypiske og diskriminerande, skreiv Human Rights Watch på sine sider då det heile gjekk føre seg.

Ifølgje The Athletic har Banda høgt testosteronnivå frå naturens side, akkurat som den mykje omtalte friidrettsutøvaren Caster Semenya. Absolutte testosterongrenser er omdiskutert, ettersom nokon kvinner har naturleg høge nivå.

– Det har vist seg å vere veldig vanskeleg å setje ei klar grense for deltaking i kvinneklassa, og dette er ei stor utfordring for toppidrett internasjonalt, har Håvard B. Øvregård, seniorrådgivar for verdiarbeid i Noregs idrettsforbund, tidlegare forklart NRK.