Den norske Tour-draumen: Prislapp på ein halv milliard

Eit norsk lag i Tour de France har vore snakka om og etterlyst i tiår. Tour-plass var ikkje målet då Uno-X-laget vart starta, ei satsing som har mangedobla seg på få år.

– Dei som spør om Uno-X er klar for Tour de France har fått svar på tiltale.

Lagsjef Jens Haugland var nærast euforisk etter at Tobias Halland Johannessen vart nummer tre på den sjette etappen i Tour de France førre veke.

Etter ein noko beskjeden resultatmessig start på rittet, har det norske laget gradvis vist seg meir fram. På dei siste fire etappane i førre veke var dei vore inne topp ti på kvar etappe, og det med fire ulike ryttarar i Johannessen, Alexander Kristoff, Rasmus Tiller og Jonas Gregaard.

Ingen andre lag hadde vore topp ti på alle dei fire etappane, medan det vart ein 12.-plass for Johannessen tysdag.

Vegen til Tour de France har vore prega av eit prosjekt med stadig større ambisjonar.

Hausten 2016 vart det halde ein pressekonferanse som skulle vise seg å endre mykje i norsk sykkelsport. På eit møterom på eit hotell i Stavanger, kunne Jens Haugland i Uno-X, saman med leiarar frå sykkelklubbane på Lillehammer og Ringerike presentere eit nytt lag: Uno-X Hydrogen Development Team.

Éin einsleg journalist frå nettstaden procycling.no var til stades på pressekonferansen.

Sommaren 2023 er framleis Jens Haugland sjefen i Uno-X-systemet. Men no heiter laget Uno-X Pro Cycling og Stavanger er bytt ut med Tour de France. 1. juli gjekk Tour de France-starten i Bilbao, der eit norsk lag for første gong deltek i mennenes Tour de France, med millionar av sjåarar verda over.