Eksperten om United-statistikken: – Det er skremmande!

Manchester United rota bort sigeren mot Tottenham søndag kveld. Poengdelinga føyer seg inn i rekka av ein «skremmande» statistikk.

Manchester United slit med å finna forma under den nederlandske manageren Erik ten Hag.

Søndag tok United imot Tottenham på Old Trafford – ein kamp det var viktig å vinna for å framleis vera med å kjempa om topp fire plassering.

Men sjølv om Rasmus Højlund sikra ein draumestart for dei raudkledde, og måltørka til Marcus Rashford tok slutt, enda kampen med poengdeling og stillinga 2–2 mot eit sterkt Tottenham.

Når 21 rundar er spelte i Premier League, og sesongen er meir enn halvspelt, er det heile åtte poeng opp til den gjæve topp fire-plassen i serien, som vil gi kvalifisering til Mesterligaen.

Opp til rivalen Liverpool på førsteplass er det heile 13 poeng.

Dei siste seks Premier League-kampane har gitt skuffande tre tap og berre éin siger.

Og etter 21 Premier League-rundar har dei berre skåra 24 mål.

United ligg på ein førebels åttandeplass på tabellen og det blir no spekulert i manager ten Hags framtid i klubben etter ein skuffande sesong.

Norske fotballekspertar er derimot ikkje heilt samde med iren.

– Ten Hag vil nok overleva i jobben, om ikkje veke til veke, så månad til månad. Rolla hans vil nok diskuterast gjennomgåande i engelske aviser gjennom resten av sesongen. Eit av ankepunkta mot ten Hag har vore at utviklinga ikkje vore det ein kunne forventa over tid, seier Løkberg,

Og stiller eit retorisk spørsmål:

– Kven har vorte betre i United og utvikla seg til å bli den neste ordentleg gode spelaren?

NRK-eksperten trekkjer fram akademi-produktet og stjerneskotet Kobbie Mainoo som eit unntak denne sesongen.

TV 2s fotballkommentator Øyvind Alsaker er òg overtydd om at ten Hag får halda på litt til:

– Eg trur han får bli. Mest fordi United har bomma så mange gonger no.